Épisodes

  • Bakteppet om bruk av KI i kunsten
    Mar 29 2025

    Denne våren har ein heilt ny skodespelar hovudrolla på Det Norske Teatret. Ein skodespelar/medkreatør utvikla i eit samarbeid mellom ETC, NetNordic og Det Norske Teatret. Korleis påverkar det ein teaterproduksjon å jobbe så tett med kunstig intelligens og kan kunstig intelligens vere ein kunstnar – eller er den berre eit verktøy?

    Vi har snakka med regissør Peer Perez Øyan, dramaturg Anders Hasmo, skodespelar Ane Dahl Torp og KI-konsulent Pål Mørk Hansen om kva for tankar dei har etter å ha jobba med KI over lang tid for å utvikle framsyninga Prosessen mot menneska!

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Afficher plus Afficher moins
    15 min
  • om video i teateret
    Sep 10 2024
    Kva er greia med video i teateret? Kvifor har Kjersti Horn, saman med videoregissør Mads Sjøgård Pettersen, brukt dette grepet i framsyningar som Raskolnikov, Kristin Lavransdotter, Einkvan og no Hedda Gabler? Er det eigentleg eit nytt og moderne grep? Og kvifor er det så elska og hata? Vi har prøvd å finne svara du lurer på i denne episoden av Bakteppet!

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Afficher plus Afficher moins
    14 min
  • Bakteppet om Édith Piaf og Marlene Dietrich
    May 26 2023
    Ei langbeint blondine og ei lita brunette. Marlene Dietrich og Édith Piaf hadde krutsterk karakter, høge ambisjonar, absurd arbeidsmoral og nulltoleranse for å svelge kamelar. Det er desse to framsyninga Sporv og engel handlar om. Jazzsongar, cabaretartist og låtskrivar Hilde Louise Asbjørnsen har vigd store mengder av livet til å dykke ned i livet og musikken til damer som Édith og Marlene, og no delar ho litt av det ho veit om nett desse to, til dykk!

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Afficher plus Afficher moins
    11 min
  • Bakteppet om Romeo og Julie
    Mar 29 2023
    Kva handlar eigentleg Romeo og Julie om? Kvifor har dette over 500 år gamle stykket framleis ein slik eineståande plass i teateret? Og kvifor blir no hovudrollene som dei to ungdomane spelt av skodespelarar som nærmar seg pensjonsalderen? I denne episoden kan du få svar på dette - og meir til.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Afficher plus Afficher moins
    16 min
  • om gigangtkonkursen som endra verda
    Jun 29 2021
    15. september 2008 gjekk den amerikanske storbanken Lehman Brothers over ende. Dette er historia om den til då største konkursen i USA si historie. Fortalt og skrive av Einar Lie.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Afficher plus Afficher moins
    10 min
  • Dekameronen del 10 • Elvis Presley Blues
    Apr 30 2021
    av Frode Grytten, frå «Garasjeland», Forlaget Oktober (2020).Fortalt av Ingrid Jørgensen Dragland Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Afficher plus Afficher moins
    48 min
  • Dekameronen del 9 • Utdrag frå 11 meter – Straffesparkets historie
    Apr 29 2021
    av Nils Henrik Smith, Kagge (2020). Fortalt av Kristoffer OlsenRegissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Afficher plus Afficher moins
    11 min
  • Dekameronen del 8 • Langtransport
    Apr 28 2021
    av Gaute M. SortlandFortalt av Sarah Francesca BrænneRegissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Afficher plus Afficher moins
    16 min