Épisodes

  • Takk for ingenting, Skien
    Oct 12 2026

    I vekas episode av Edder & Galle er vertane tilbake frå Skien og går rett i studio. På Skagerak Arena fekk Bryne eit lite håp om poeng, både eitt og tre, men fem minutt før slutt fann heimelaget vegen til nettmaskene. Dermed blei det null poeng med heim, og håpet om femteplassen fekk seg nok ein trøkk. Heldigvis ligg Bryne godt an til å få ein ny tur til Skien gjennom kvaliken.

    Onsdag ventar Raufoss, ein kamp Bryne skal vinne, med all respekt for motstandaren. Her er det berre å hente heim alle poenga før turen går vidare til Trondheim og oppgjeret mot Ranheim søndag.

    I vekas episode tek me ein gjennomgang av begge kampane og ser på kva som ventar Bryne i ei viktig veke.

    Afficher plus Afficher moins
    52 min
  • 1–0 er også tre poeng
    Oct 5 2026

    Bryne er i form! Det blir i alle fall poeng, sjølv om kampen mot Lyn kanskje ikkje var av det mest imponerande slaget. 1–0-siger og tre nye poeng gjer at vi framleis held på den siste kvalikplassen og endå betre: Vi har fått ei lita luke ned til Hødd på plassen utanfor kvalik.

    Samtidig sit heile OBOS-ligaen og ventar på avgjerda i Raufoss-saka. Blir det konkurs, eller overlever klubben? Det kan forandra mykje på tabellen.

    Vi skal sjølvsagt også innom tippinga, der Per Tore held fram med å dra frå resten av feltet. I dei anonyme spørsmåla diskuterer vi kvar vi eigentleg meiner Bryne står kvalitetsmessig akkurat no.

    Til slutt ser vi fram mot den komande kampen mot Odd på Skagerak, ein stadion Bryne ikkje akkurat har mange gode minne frå.

    Afficher plus Afficher moins
    44 min
  • Kalkulatoren er henta fram
    Sep 23 2026

    I dagens episode av Edder & Galle er stemninga mildt sagt god. Det skulle berre mangle! Bryne har nemleg sikra seg plass i neste runde av cupen etter ein solid 4–1 siger mot Bjarg. Og som om ikkje det var nok, så blei det full utteljing i Bergen og. Mot Åsane vart det 4–0, og vår nye superspiss hadde allereie ordna seg hattrick etter berre 40 minutt!

    Det blir sjølvsagt ein solid børs på gutane.

    I tippespalta går det derimot som det har gjort tidlegare, nemleg ikkje heilt etter planen. Ei dobbel U gav dessverre ingen gevinst. Nokon tek lærdom av dette i podkasten. Andre gjer det ikkje. Så får me sjå kven som har rett til slutt.

    Denne veka har me ikkje fått inn spørsmål frå lyttarane, men det betyr ikkje at det manglar tema. Gutane har nemleg fleire ting dei skal snakke seg gjennom.

    Blant anna skal det jaktast på kvalik. Skal dette ende godt, må kalkulatoren fram, og ein må kanskje rekne med litt «goodwill» undervegs. Det blir og tid til å ta ein nærmare kikk på juvelane på Bryne-midtbana, og kva dei har levert så langt.

    Avslutningsvis ser me litt framover mot det som ventar. Hovudstadslaget Lyn kjem på besøk til Jæren, og sjølv om kampen framleis ligg litt der framme, er det aldri feil å begynne å lade opp.

    Afficher plus Afficher moins
    42 min
  • Er vi så enkle?
    Sep 14 2026

    Sist kamp var det skikkeleg dårleg stemning i Edder & Galle. No slår Bryne Stabæk 2–0 på heimebane, spelar underhaldande fotball, og plutseleg er stemninga og trua tilbake hos nokre av oss. Er vi verkeleg så enkle? Det får de avgjere.

    For Bryne leverer ein solid kamp mot Stabæk, nesten utruleg etter det vi såg borte mot Strømmen. Samstundes går fleire av dei andre resultata vår veg, og dermed er Bryne for fullt med i kampen om kvalifiseringsplassen til opprykk.

    Anonyme spørsmål er tilbake, og sjølvsagt dukkar katten til Hobberst opp igjen. Det måtte nesten skje.

    No ventar Bjarg i cupen før Bryne set kursen mot Bergen og Åsane Arena for seriekamp mot Åsane. Det blir ingen enkel kamp mot eit lag som kan skapa trøbbel, men Per Tore har trua på at Bryne kan ta med seg tre poeng heim.

    God stemning? Me får sjå kor lenge det varer.

    Afficher plus Afficher moins
    51 min
  • Ein tam kamp, seks tema og ein uroleg haust
    Sep 9 2026

    I kveldens episode av Edder & Galle skal vi innom tre hovudpunkt.

    Først: Vi tek ein kjapp gjennomgang av kampen mot Strømmen. Det var ikkje all verda å hente frå den kampen, så for podkasten sin del er det eigentleg heilt greitt at vi spelar inn episoden tre dagar etter kampslutt og ikkje rett etter.

    Deretter: Vi køyrer ein ny versjon av «anonyme spørsmål». Denne gongen har vi samla inn det folk har lurt på den siste tida, og kokt det ned til seks sentrale tema som vi diskuterer.

    Til slutt: Vi skal sjå litt på situasjonen til Stabæk og Bryne. Stabæk er med der oppe, medan Bryne framleis har heng på kvalik. Samtidig har Bryne gitt supportarane sine litt skumle utsikter for hausten, så der er det nok av ting å diskutere.

    Afficher plus Afficher moins
    1 h et 13 min
  • Spelarsal og store spørsmål
    Sep 2 2026

    Bryne er vidare i cupen etter 3–0 mot Rosseland i første runde. Den to–tre minutt lange turen mellom stadionane viser heldigvis den forskjellen som bør vere mellom laga, og Bryne er dermed vidare til neste runde.

    Men det har vore seld spelarar, viktige spelarar. Det fekk vi kanskje eit tydeleg svar på mot FK Haugesund. For kva har salet av desse spelarane eigentleg hatt å seie for Bryne? Tapet heime mot haugalendingane er vondt nok i seg sjølv, men endå vondare er det at Bryne faktisk ikkje skapte ein einaste skikkeleg farleg situasjon gjennom heile kampen.

    Som alltid er det sjølvsagt duka for spørsmål frå dykk lyttarar. Vi skal blant anna innom dei nye spelarane som har kome inn i klubben, og ikkje minst: Korleis ser vegen vidare ut? Er det framleis håp om å få Per Tore si tru på kvalifisering til å slå til, eller er det Hobberst som får rett når han spår at Bryne ikkje vil klare det i år?

    Afficher plus Afficher moins
    1 h et 3 min
  • Farvel, spøkelse!
    Aug 23 2026

    I denne episoden av Edder & Galle kan studio endeleg puste letta ut. Bryne har vunne på Øster Hus Arena, og det som lenge har vore omtalt som spøkelset, er endeleg dødt og begravd. Det er sjølvsagt stor glede i studio og blant alle andre som har eit hjarte som bankar for Bryne.

    Det er positive takter å spore på den sportslege fronten, og det er gledeleg å sjå at Bryne er på rett veg. Også i spørsmålsspalta går det godt. Det kjem inn mange gode spørsmål, og som alltid blir dei svara på, både frivillig og motvillig.

    Fleire ser no oppover på tabellen i lag med Per Tore, medan Hobberst framleis held fast ved si eiga tru og sine eigne tankar.

    No ventar ein cuprunde mot Rosseland, og den meiner podkasten bør gå greitt. Den store spenninga kjem derimot når FKH kjem på besøk til Bryne Stadion i helga. Då får vi sjå om Bryne kan byggje vidare på den positive utviklinga.

    Det er med andre ord mykje å glede seg til i denne episoden av Edder & Galle, med siger i ryggen, gode spørsmål på blokka og ein spennande kamp i vente.

    Afficher plus Afficher moins
    1 h et 6 min
  • Skal forbanninga på Øster Hus ende no?
    Aug 19 2026

    I vekas episode av Edder & Galle er det god stemning. Spissdebut med scoring gav verkeleg optimismen eit løft, og plutseleg ligg vi nærare kvalik enn nokon gong før.

    Men sigeren mot Moss gav ikkje berre glede. Ein spiss gjekk ned for teljing, og det såg ikkje bra ut.

    Det er likevel optimisme før kampen på Øster Hus Arena. Bryne har aldri vunne der i seriesamanheng, men skal det skje, så er vi einige om at det må skje no. Forventningane er klare når vi møter eit Sandnes Ulf som ligg nede for teljing. Så får vi sjå om Bryne endeleg kan bryte den forbanninga på Øster Hus Arena.

    Afficher plus Afficher moins
    41 min