Couverture de Edder & Galle

Edder & Galle

Edder & Galle

De : Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
Écouter gratuitement

Offres de saison | 0,99 € par mois pendant les 3 premiers mois

5,99 €/mois par la suite. Des conditions s’appliquent. Annulation mensuelle possible.

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.

© 2026 Edder & Galle
Épisodes
  • 1–0 er også tre poeng
    Oct 5 2026

    Bryne er i form! Det blir i alle fall poeng, sjølv om kampen mot Lyn kanskje ikkje var av det mest imponerande slaget. 1–0-siger og tre nye poeng gjer at vi framleis held på den siste kvalikplassen og endå betre: Vi har fått ei lita luke ned til Hødd på plassen utanfor kvalik.

    Samtidig sit heile OBOS-ligaen og ventar på avgjerda i Raufoss-saka. Blir det konkurs, eller overlever klubben? Det kan forandra mykje på tabellen.

    Vi skal sjølvsagt også innom tippinga, der Per Tore held fram med å dra frå resten av feltet. I dei anonyme spørsmåla diskuterer vi kvar vi eigentleg meiner Bryne står kvalitetsmessig akkurat no.

    Til slutt ser vi fram mot den komande kampen mot Odd på Skagerak, ein stadion Bryne ikkje akkurat har mange gode minne frå.

    Afficher plus Afficher moins
    44 min
  • Kalkulatoren er henta fram
    Sep 23 2026

    I dagens episode av Edder & Galle er stemninga mildt sagt god. Det skulle berre mangle! Bryne har nemleg sikra seg plass i neste runde av cupen etter ein solid 4–1 siger mot Bjarg. Og som om ikkje det var nok, så blei det full utteljing i Bergen og. Mot Åsane vart det 4–0, og vår nye superspiss hadde allereie ordna seg hattrick etter berre 40 minutt!

    Det blir sjølvsagt ein solid børs på gutane.

    I tippespalta går det derimot som det har gjort tidlegare, nemleg ikkje heilt etter planen. Ei dobbel U gav dessverre ingen gevinst. Nokon tek lærdom av dette i podkasten. Andre gjer det ikkje. Så får me sjå kven som har rett til slutt.

    Denne veka har me ikkje fått inn spørsmål frå lyttarane, men det betyr ikkje at det manglar tema. Gutane har nemleg fleire ting dei skal snakke seg gjennom.

    Blant anna skal det jaktast på kvalik. Skal dette ende godt, må kalkulatoren fram, og ein må kanskje rekne med litt «goodwill» undervegs. Det blir og tid til å ta ein nærmare kikk på juvelane på Bryne-midtbana, og kva dei har levert så langt.

    Avslutningsvis ser me litt framover mot det som ventar. Hovudstadslaget Lyn kjem på besøk til Jæren, og sjølv om kampen framleis ligg litt der framme, er det aldri feil å begynne å lade opp.

    Afficher plus Afficher moins
    42 min
  • Er vi så enkle?
    Sep 14 2026

    Sist kamp var det skikkeleg dårleg stemning i Edder & Galle. No slår Bryne Stabæk 2–0 på heimebane, spelar underhaldande fotball, og plutseleg er stemninga og trua tilbake hos nokre av oss. Er vi verkeleg så enkle? Det får de avgjere.

    For Bryne leverer ein solid kamp mot Stabæk, nesten utruleg etter det vi såg borte mot Strømmen. Samstundes går fleire av dei andre resultata vår veg, og dermed er Bryne for fullt med i kampen om kvalifiseringsplassen til opprykk.

    Anonyme spørsmål er tilbake, og sjølvsagt dukkar katten til Hobberst opp igjen. Det måtte nesten skje.

    No ventar Bjarg i cupen før Bryne set kursen mot Bergen og Åsane Arena for seriekamp mot Åsane. Det blir ingen enkel kamp mot eit lag som kan skapa trøbbel, men Per Tore har trua på at Bryne kan ta med seg tre poeng heim.

    God stemning? Me får sjå kor lenge det varer.

    Afficher plus Afficher moins
    51 min
adbl_web_anon_alc_button_suppression_t1
Aucun commentaire pour le moment