Épisodes

  • Boktips frå Silje
    Feb 2 2026

    I denne episoden fortel bibliotekar Silje Solstad om boka Gustav av Marte Magnusdotter Solem. Podkasten er ein del av serien Under radaren , her tek me for oss bøker me meiner fortener litt ekstra merksemd.

    Afficher plus Afficher moins
    6 min
  • Barnebøker for mellomtrinnet del II
    Sep 8 2025

    No er det haust, og Silje og Theresa presenterer eit nytt utval barnebøker for mellomtrinnet i ulike sjangrar.


    Bokliste:

    Anders Totland - Gunnars rekordbok

    Ingunn Røyset - Perfekt

    Nina Anderson Sjødal - EMOBITCH

    Aleksander R. Kirkwood - Underbyen (1): Bergtatt

    Aleksander R. Kirkwood Brown - Tusenfrykt

    Thorald Fagertun - Familien Gnork

    Iben Akerlie - Nils Non Grata

    Jenny Ødven Snildal - Det som tel

    Afficher plus Afficher moins
    23 min
  • Under radaren - Ny norsk litteratur
    Jun 20 2025

    Under radaren er eit nytt prosjekt biblioteket har sett i gang med for å synleggjera ny norsk litteratur og forfattarar me meiner fortener meir merksemd og fleire lesararar.


    Silje, Theresa og Kirsten har i dag vald seg ut desse forfattarane:

    Gunnhild Øyehaug - Her kjem sola (2024)

    Ingvild Skølt - Du vil kjenne eit lite stikk (2025)

    Ane Barmen - Sitka: pøbelgrannoveller (2024)


    (Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket)


    Afficher plus Afficher moins
    14 min
  • Ny serie: Under radaren - Ny norsk litteratur
    May 20 2025

    Høyr vår nye podcastserie Under radaren - ny norsk litteratur

    Under radaren er eit nytt prosjekt biblioteket har sett i gang med for å synleggjera ny norsk litteratur og forfattarar som me meiner fortener meir merksemd og fleire lesararar.


    Silje, Theresa og Ingrid er fyrst ut med sine valde bøker:

    Rannveig Ferne Leite Molven - Virvelgate

    Maria Kjos Fonn - Margaret, er du i sorg

    Lene Ask - Astrid Løken - Å slåss med varsomme hender


    (Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket)


    Afficher plus Afficher moins
    17 min
  • Barnebøker for mellomtrinnet - eit utval
    Apr 11 2025

    Silje og Theresa startar opp Vossabib sesong 2025 med å presentere eit utval barnebøker i ulike sjangarar

    Liste:

    Anders Totland: Mamma på dass

    Michael Stilson: Elastico - Når du må tape alt for å vinne

    Harald Nortun: Kode 6 - Ingen må vite hvem du er

    Rut Granli: Ephyra - Invasjonen

    Sigbjørn Mostue: Bomber fra grå himmel

    Elin Viktoria Unstad: Ulv, ulv og og Død og dalbane

    Kristina Ohlsson: Ildhjulet

    Hanne Gjerde: Maskinlæreren

    Mari Moen Holsve: I pappas hode







    Afficher plus Afficher moins
    25 min
  • Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett, Palestina og Ukraina
    Jan 16 2024

    Opptak av føredrag om krigens reglar i høve hendingane i Palestina og Ukraina. Voss bibliotek 10.01.2024.

    Kva er lovleg sjølvforsvar etter FN-pakten, og når er eit angrep som rammar sivile folkerettsstridig? Og kva reglar gjeld eigentleg på bakken i ein krig?
    Med folkeretten som bakgrunn vil Cecilie Hellestveit fortelje om dei juridiske utgangspunkta for den forferdelege situasjonen på Gaza og krigen i Ukraina.
    Cecilie Hellestveit er jurist og konfliktforskar med doktorgrad i internasjonal humanitærrett frå Universitetet i Oslo. Ho er forfattar av fleire bøker, mellom anna om Krigens folkerett (2020) og om krigane i Jemen og Syria. Hennar siste bok, Dårlig nytt frå Østfronten - krigen som endrer alt (2023) handlar om krigen i Ukraina.

    Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.

    Afficher plus Afficher moins
    1 h et 14 min
  • Utsyn mot verda: Odd Karsten Tveit om Palestina
    Oct 9 2023

    Høyr Odd Karsten Tveit i samtale med journalist Nils Kvamsdal om boka "Palestina. Israels ran, vårt svik"

    Tidlegare NRK-korrespondent Odd Karsten Tveit har arbeidd i og med Midtausten i snart 50 år. I sin nye bok fortel han den konfliktfylte historia frå danninga av staten Israel i 1948 og fram til i dag. I ei personleg bok, prega av historier og notat frå eit langt reporterliv, tar Tveit eit oppgjer ikkje berre med Israelsk okkupasjonspolitikk, men også med norsk og vestleg veikleik. Dette er eit opptak frå biblioteket 3. oktober.


    Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.

    Afficher plus Afficher moins
    54 min
  • Spenningsbøker til påskekosen
    Mar 25 2023

    I denne episoden av Vossabib - drøs får du tips til spenningslitteratur til både born, ungdom og vaksne.

    Me pratar om bøkene "Til jord skal du bli" av Anders Totland, "Berge" av Jan Kjærstad, "Havets kirkegård" av Aslak Nore, "Jente 17 ikke savnet" av Camilla Sandmo og "Natteravnen" av Johan Rundberg. Lesetipsa om desse bøkene vil snart også vera tilgjengelege på våre heimesider vossbibliotek.no.

    God påske til alle våre lyttarar.

    Afficher plus Afficher moins
    22 min