Épisodes

  • Heftig A4-liv
    Feb 10 2026

    Å mista ein politibetjent på jobb, er det verste politimeister Hans Vik har opplevd på jobb. Og kjenslene og tårene kjem jamt endå. Lettrørt, ansvarsfull og ein som elles lever eit roleg A4-liv, er Hans Vik oppsummert. Men, han har ingen problem med å bli gjenkjent. Det er jo noko han er vane med frå barndomen i Erfjord i Ryfylke, der alle visste kven alle var.

    Afficher plus Afficher moins
    34 min
  • Trygg frå scenen
    Oct 15 2025

    Beethoven, Brendeland, ungdomspolitikk og ammoniakkfabrikk. 18 år gamle Ingrid Fatnes Sauda er verken redd for å spela, syngja, leia eller meina. Enten det er frå scenen, i eit ungdomsråd eller gjennom eit lesarinnlegg. Og engasjementet er godt over middels.

    - Eldrebølgja er farlegare for Sauda enn ammoniakkfabrikken, seier ho. Oisann. Kva er det eigentleg ho meiner?

    Afficher plus Afficher moins
    28 min
  • Fryktlaus fargeklatt
    Jul 7 2025

    Ho er ikkje redd for å gripa sjansar, gjera feil eller for å gå for plan B eller C. – Om ei dør blir lukka, kan ei anna bli opna. Eg meiner, så lenge det er gøy, why not? Bonolo Ramphomane-Aandahl frå Sør-Afrika og Sand ler høgt, satsar stort og har eit brennande ønske om å skapa meir liv i Ryfylke. Høyr hennar nesten uverkelege reise frå raseskilje i Soweto til stille, men trygge Suldal, der ho har tatt grep.

    Afficher plus Afficher moins
    32 min
  • - Ikkje på billigsal!
    Apr 10 2025

    Ho driv med tydeleg, men venleg vaksenkjeft. Anne Langeland Bratthammer kan gjerne bu i Ryfylke resten av livet, men ikkje for ein kvar pris.
    - Bedriftene og kommunane i Ryfylke må gjera seg lekre for oss ungdomar! For me er ikkje på billigsal. Dei må investera i oss, er den klare meldinga frå leiaren i ungdomsstyret i Ryfylke.

    Afficher plus Afficher moins
    31 min
  • Åleine med eigne tankar
    Feb 26 2025

    - Ja, du blir på grensa til gal når du føler du har tenkt på alt som det går an å tenkja på, innrømmer Karen Kyllesø frå Årdal i Ryfylke. 13. januar 2025 kom ho fram til Sørpolen etter 54 dagar åleine på ski over Antarktis. Då ho nådde polpunktet sette ho verdsrekord i å vera den yngste som har gått åleine til Sørpolen. 21 år gamle Karen hadde planlagt turen i seks år, heilt sidan ho kryssa Grønland i niande klasse. I podcasten På Ekta møter me den uredde, rasjonelle ryfylkingen, som alltid har søkt spenning i naturen. Men, ho innrømmer at ho også var redd under Sørpol-ekspedisjonen. Ikkje minst var det tøft då det gjekk så seint i starten at ho måtte rekna på korleis ho skulle spara på maten for å ha nok til å nå Sørpolen. Karen Kyllesø hadde mat til 55 dagar, og kom fram etter 54. Nå vil ho inspirera unge og vaksne til å følgja draumane sine, om dei er aldri så dristige.

    Afficher plus Afficher moins
    34 min
  • Vil vera der det skjer
    Dec 18 2024

    Det er gjerne ikkje rart at Håvard Handeland blei ordførar i Sauda som 19-åring. For alt som seksåring blei han vald inn i elevrådet på barneskulen. Og det skjedde sju år på rad, ved hjelp av ein sleip valkampstrategi og dobbeltstemme til seg sjølv. Historia er nesten for god til å vera sann. Soga om Håvard Handeland er også ei historie om han som pur ungdom brukte kommunestyremøte på internett som laurdagsunderhaldning, om ein som elskar å lesa 512-siders rapportar om framtidig skulestruktur og som ein gong der framme skal bli lege i Sauda. Men, først skal han vera ordførar til minst 2027 og knyta nettverk på snodig vis. I podcasten På Ekta møter me ein 20-åring som ikkje er som andre på 20 år. Bli med på politisk møte og rundt omkring i Sauda, der saudabuen også meiner sitt om den unge ordføraren.

    Afficher plus Afficher moins
    33 min
  • Målkongen frå Jørpeland
    Oct 10 2024

    Han har tatt eliteserien med storm og fått legendestatus i Fredrikstad på rekordtid. Morten Bjørlo (29) var som barn meir interessert i å byggja sandslott enn å spela fotball på grusbanen på Jørpeland. Nå dominerer han på høgaste nasjonale nivå, har fått sin eigen supportersong og er sjefshumorist i garderoben. Kva var det som gjorde at alt «orna sæ i Fredrikstad?». I På ekta drar me til nettopp Fredrikstad og møter Ryfylke sin store fotballson, Morten Bjørlo. Og godorda og sidesparka haglar frå både supporterar, medspelarar og trenar. Heime på Jørpeland drøymer naboen om å reisa til utlandet for å sjå Morten i ein topp europeisk liga. På ekta byr på stemning både på og utanfor bane og tribune med målkongen Morten Bjørlo.

    Afficher plus Afficher moins
    32 min
  • Høgrøysta familieglede
    Aug 7 2024

    Ho har tatt over familiebedrifta, som mor og far har drive i årevis. Maren Fossaa Viga (32) er nå sjef for Mikals Laks i Hjelmeland, bedrifta som er norsk meister i røykelaks. Nå skal Maren styra over ein storkjefta far og ei strukturert mor, som har bygd opp merket King Mikal Salmon til ein landskjendis. Men, det blir ikkje noko Queen Maren Salmon. Kongstanken får den høgrøysta faren ta seg av. Høglydt er det forresten ofte i familiebedrifta. For når Maren og faren går i diskusjon går desibelen opp. Møt Maren, som i ungdomen var tydeleg på at verken Mikals Laks eller Hjelmeland var framtida for henne. Nå flyttar ho altså heim for å driva familiebedrifta …

    Afficher plus Afficher moins
    30 min