Cover of Edder & Galle

Edder & Galle

Edder & Galle

By: Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
Listen for free

Season's Savings | 0.99 €/month for 3 months

5.99 €/month thereafter - terms apply. Cancel monthly.
Summary

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.

© 2026 Edder & Galle
Episodes
  • Skjebnen i eigne hender (hjelp!)
    5 Nov 2026

    Då er det igjen duka for ein ny episode av Edder & Galle!

    Bryne tok med seg alle tre poenga heim frå Høddvoll etter eit skikkeleg målshow frå Luka Fajfric. To ekte hattrick på ein og same sesong er ikkje kvardagskost for ein Bryne-angripar! Men kvar endar spissen på børsen? Heilt på topp, eller?

    Det har snudd i tippinga, men det er førebels ingen grunn til å juble. Vi håpar å treffe blink begge to i siste runde og dermed auke summen som går til Barnekreftforeningen etter sesongslutt. I spørjespalta er det ikkje all verda å hente denne gongen, men eit par godbitar har vi klart å grave fram.

    I siste serierunde får vi servert alt vi elskar og hatar med fotball. Vi har alt i eigne hender, men dersom vi ikkje skulle klare å gjere jobben sjølve, må vi rette blikket mot ein annan kamp på Austlandet og håpe på litt hjelp. Det er nettopp dette som gjer fotballen så spennande når siste serierunde står for tur!

    Vi håpar å sjå deg på stadion. Dette kan bli verkeleg spennande, og forhåpentlegvis skal vi ein tur til Skien før sesongen er over for i år!

    Show more Show less
    50 min
  • Me trur på prosjektet. Trur me.
    29 Oct 2026

    Bryne leia med to mål to gonger i seriekampen mot Egersund på Bryne stadion. Begge gongene fekk måla heile stadion til å reise seg med ståpels, men utover i andre omgang forsvann både ståpelsen og optimismen. Tre minutt på overtid fekk EIK ballen i mål igjen og reiste heim med eitt poeng.

    Nokre dagar seinare møtte me den same gjengen igjen, denne gongen i cupen på Husabø. Og det gjekk skeis igjen. Eit 1–0-tap, kombinert med håplause defensive involveringar, gjorde ikkje akkurat underverk for humøret. Bryne står dermed midt i ei sur rekkje kampar, der optimismen er vanskeleg å få auge på.

    Men sesongen er ikkje over enno! To serierundar står att, og Bryne har framleis ei hand på rattet i kampen om kvalifiseringsplassen. Likevel er det mange som er misnøgde med årets sesong. Podkastduoen stiller derfor spørsmålet: Kva var det eigentleg folk forventa?

    Me meiner at Bryne, når alt kjem til alt, bør kunne vere nøgde med plasseringa på tabellen. Samstundes skjønar me godt at det finst sportslege frustrasjonar. Men handlar det eigentleg om at laget treng meir tid, eller er det trenarteamet som må få tid til å setje sitt preg på laget? Kanskje det er der diskusjonen ligg.

    Uansett, de er serverte ei ny veke med Edder & Galle!

    Show more Show less
    1 hr and 1 min
  • 90 minutt med handlingslamming
    19 Oct 2026

    Det går ikkje akkurat på skinner for Bryne om dagen, og det set nok sitt preg på stemninga i vekas episode av Edder & Galle. To tap og eitt uavgjort kjennest mest som tre strake tap, og det er heller ikkje mykje i det spelmessige som får oss til å rope hurra for tida.

    Vi har framleis handa på rattet når det gjeld den siste kvalifiseringsplassen, men skal me behalde den, må Ørjan Heiberg ta grep. Kanskje er det på tide å gjere byta litt tidlegare og vise vilje til å endre kampbiletet før klokka har passert 90 minutt? Det kan fort bli tidenes dårlegaste børs denne veka, så får de sjølve avgjere om me treff blink eller skyt langt over mål.

    Me prøver oss sjølvsagt på tipping igjen, men heller ikkje der går det vegen. I tillegg blir det anonyme spørsmål, diskusjonar om me eigentleg er nøgde med sesongen sett under eitt, og usemje om kor mykje betre Bryne kunne ha vore, og ikkje minst kva det kunne ha hatt å seie for tabellplasseringa.

    Show more Show less
    1 hr
adbl_web_anon_alc_button_suppression_t1
No reviews yet